18056739_1377457522316043_1046912713396020154_n mai 11th, 2017 Jørgen Ulrik Berg

Vegard’s krefttråkk

Vegard Skjeldestad fekk akutt blodkreft i 1994. I år inviterar han vener til å sykla Jotunheimen Rundt.

Vegard sin historie
1994 – 1996: Harde kreftkurar
1996 – 1998: Aldersbestemt fotball på Kaupanger
2000: A-lagskeeper for Sogndal, U-19 landslag
7.7.2007: Gifta seg med Ingrid, pappa til Maria
2010: Pappa til Vilja
2016: Trenarapparatet til a-laget i Sogndal.
2017: Klar for Jotunheimen Rundt

Vegard veit kva det vil seia å ha kreft. Då han vart råka av akutt leukemi i 1994, berre 12 år gamal, låg det to år med behandling og venta. Det skulle handla om tøffe beskjedar, tøffe kurar, tøffe turar og ikkje minst lange sjukehusopphald. Då var det viktig med aktivitet og noko å aktivisera seg med. Difor ynskjer ein å kjøpa leiker og utstyr som kan vera til glede for ungane.

Det er viktig at me som vaksne tek samfunnsansvar og bidreg til dei som slit med sjukdom. Vegard ynskjer å utfordra næringslivet og privatpersonar til å bidra til dette tråkket.

«Me skal gjera jobben på sykkelen, men treng bidrag frå dykk for å fylla kontoen», seier Vegard.

Slik kan du støtta aksjonen
Kr.1, kr. 5, kr.10 pr. km (430km totalt)
Kr. 1, kr. 5, kr. 10 pr. høgdemeter (totalt 4609m).
Eller etter eige ynskje.

Summen kan betalast inn på kontonummeret til Vegards Krefttråkk: 3720 17 65537.

Kontaktinfo:
Vegard S Skjeldestad: vs@sogndalfotball.no Tlf.: 91338071

Posted in Ukategorisert

Legg inn ein kommentar

Jotunheimen Rundt

Sognefjellrittet

ALT INNHOLD

Sponsorar